Nominert Guvernør for 2026-27:



Kjell Andreas Heskestad

Lund Rotary Klubb

E:  kan-hesk(a)online.no

M: 917 82 579


Kjell Andreas Heskestad, 63 år, gift og har 3 voksne barn.
Bur i Lund kommune, Rogaland.

Eg har vore medlem i Lund RK i 15 år. For 10 år sidan var eg president og det er eg i år også. 
I 5 år var eg ass. guvernør for 10 klubber i sør Rogaland. Det var ein oppgave der eg fekk bli godt kjent med folk og klubber.

Eg har i hovudsak vore melkebonde på heiltid i mi yrkeskarriere. 30 år var nok og då dei yngre på garden ville overta, fant eg meg jobb hjå næringssjefen, som næringsutviklar. Seinare hadde eg same jobb, men då hjå Magma Geopark.
Fant ut etter kvart at kontorjobb ikkje passa meg, så eg fekk meg jobb i kommunens hjørnesteinsbedrift, Nor Dan og der er eg nå.

Som bonde var eg delaktig i næringa sine organisasjonar, Nortura, Tine, Felleskjøpet, Bondelaget og Skogeigarlaget. Hadde nokre kjekke verv der, som eg lærte mykje av.

For 20 år sidan fekk eg med meg 7 naboar og bygde eit småkraftverk. Det har vore ein suksess og er daglig leiar der.
I tillegg sit eg i Lund kommunestyre på 3 perioden.

Som person er eg avhengig av å treffa folk og er interessert i kva dei held på med. Eg like å blanda meg med folk med forskjellige bakgrunnar og då passe det bra å vera med i rotary. Eg syns vårt slagord er høgst viktig å ha "i pannen" og like å sjå at vi kan hjelpa andre.

Ser fram til å gå inn i rolla som guvernør i 2027/ 2028 og er alt i gang med å planlegga mine oppgaver.
Godt vi er ein organisasjon med gode systemer og ryddige roller.